KONTRASTAR I SJÆLØR
Oppgåva adresserar eit område i forstaden Sjælør utanfor København, her bur menneske i ulike aldersgrupper og frå ulike kulturar som alle treng ein stad å vera og høyre til. Det er spesielt tre grupper som har fokus i oppgåva, heimeverande mødre med små barn som kjem frå ulike stader i verda, ungdommar og eldre som er ferdige i arbeidslivet. Tomta i oppgåva er ein parkeringsplass ved togstasjonen.
Besvarelsen studerar typologiar, skala og bevegelsesmønster i området. Formspråket i dei tilførte bygningane bygger vidare på studien ved å nytte kontrastar i skala i dei tilsaman 8 bygningane som er foreslått, fire hovedbygg og fire sekundærbygningar som fungerar som inngangsparti.
Bachelor 2011.
Det kongelige danske Kunstakademi.
Å sjå og å bli sett
Ungdom får to bygningar, èin for opphald og èin for idrett og aktivitet, med tilhøyrande uteområde med basketballbane. Store vindauge mot gata fører energi, lys og aktivitet frå bygga ut i det offentlege rommet, og dei unge blir sett av det store fellesskapet. Bygningen for opphald har fleire etasjar med litt ulik grad av eksponering.
Bygningen for dei eldre heng saman med bygget for mødre og barn. Mindre vindauge med sprosser legg vekt på å sjå ut, framfor å bli sett. Eine del av bygningen vender ut mot det offentlege rommet der folk passerar til og frå togstasjonen, og der ungdom har basketballbane, medan på motsatt side er det eit roleg grøntområde. Det same grøntområde deler ein med mødre og barn. Det raude bygget for denne brukergruppa har kun vindauge i barnehøgd og høgt oppe på veggen mot den offentlege vegen, noko som bidreg til å skjerme mødrene for innsyn
I tillegg til bygningar for dei ulike brukargruppene foreslår besvarelsen ei fortetting av nabotomta. Gjenbruk av material og formspråk frå kolonihagehusa vert lagt til kvar nye bueining, den same typologien vert også nytta til å knyte saman dei fire houvdbygga i prosjektet.