MINNELUND ØYSTESE KYRKJEGARD
Ein namna minnelund er ei samling av minnesmerke for urnegraver som vert del av ein felles installasjon. Minnelunden i Øystese ligg sør-vest på kyrkjegarden, med utsikt over Hardangerfjorden og fjella. Den åttekanta forma finn ein att i fleire kringliggande bygg eller konstruksjonar, som austfasaden på kyrkja, fontena på kyrkjegarden og Ingebrigt Vik museet på andre sida av vegen.
Det enkelte minnesmerke har same materialitet som andre gravstøtter på kyrkjegarden, i minnelunden får også alle kvar sin stein. Med inspirasjon frå helletaka på bårehuset og kyrkjetaket blir kvar enkelt stein sett saman slik at dei dannar ein heilskap. På den måten blir kvar stein unik, men også del av ein større samanheng. Den utvendige natursteinsmuren har same uttrykk som steinmuren kring delar av kyrkjegarden. I sentrum finn ein livets tre.