Ny hytte
Hytte, i underkant av 70m2, i Eidfjord kommune, ca 835 m.o.h. Form og uttrykk refererar til gamle stølsbygningar som kjenneteiknar byggeskikken på fjellet i bygdane kring Hardangerfjorden. To enkle bygningskropper står inntil ein annan, dei er tilpassa høgda i terrenget og to trinn skiljer dei frå ein annan innvendig. Det oppstår eit lunt uterom mot sørvest mellom bygningane.
Form og plassering av vindauge med å utgangspunkt i uttrykket frå dei gamle stølshusa er heldt små og kvadratiske i bygget med soverom. I stove og kjøken var det ynskjeleg å ramme inn utsikta samstundes som ein opplevede romma som trygge og lune, at ikkje mørket utanfrå kjem heilt inn.